NettPed | FMI     Bruk av FMI- og NettPed materiellet 
 
NettPed - Pedagogikk i Nettstøtta undervisning - er primært utvikla som introduksjon og støtte for dei som vil utvikla og bruka nettbaserte læringsressursar og læringsmiljø som del av si daglege undervisning og i  arbeid med meir fleksible og opne studietilbod. Ei kort innføring i det tekniske grunnlaget (web, LMS osv.) opnar for meir inngåande diskusjon og arbeid med pedagogisk og metodisk tilrettelegging av læringsressursar. Ulike metodar og medier blir demonstrert i modulane.

FMI - ForskingsMetodikk relatert til IKT - tek utgangspunkt i at norske lærarutdanningsmiljø tradisjonelt har vore langt sterkare på FoU i tolkinga Forsøks- og Utviklingsarbeid enn i aktivitetar som kan klassifiserast som forsking. Kursmateriellet gir ei kort innføring i grunnlag, begrep og metodar for å etablera og gjennomføra forskingsprosjekt knytt til skule og lærar-utdanning. Rettleiinga er relatert til at IKT både er eit hjelpemiddel og ein sentral del av innhaldet i mange FoU-prosjekt .

Kursmateriellet er utvikla med støtte frå SOFF / NUV, med målsetnad å vera til støtte for heving av kompetanse når det gjeld integrering av IKT  i FoU-aktivitetar. Materiellet er fritt tilgjengeleg for bruk i lærarutdanningsmiljøa.

 


Siden ble sist oppdatert 24. november 2004 av
Elen